Domarkurs på Litlås.
Dei som ikkje hadde høve til å vera med på domarkurset kan angra!
Me hadde ei spanande og lærerik helg. Kurshaldar var Rune Svendsen. Han er ein flink pedagog med mykje kunnskap om islandshesten, NIHF og all anna organisering rundt islandshestesport. Hans uhøgtidelege metode å presentera stoffet på gjorde stemninga lett og triveleg.
Terje Låstad med familie stod for den praktiske organiseringa av kurset så som kurslokalet, mat, brøyta bane osv. Terje har laga ein ovalbane som fungerte fint, så det er godt å vite når snøen og skiløyparane har okkupert Bontveit.
William og Jo stod for vising av hestar som me øvde oss på å dømma. Grunna dårleg føre var det i hovudsak dei lokale hestane som vart synte, difor måtte me øva oss på videodømming. Det er vanskeleg når ein må ta ei rask avgjersle.
Nokre bilete av William og Sòl. Sòl er 4 år og ser ut som eit lovande emne.
På sundagen kom Cecilie Kolnes som sensor.
Me hadde fyrst ein teoretisk prøve som fleirtalet bestod. Etterpå var det den
praktiske dømminga som var den store testen og det var ikkje lett.
Men no har Gustur tre godkjende lokallagsdomarar og eit par andre som vert anbefalt å ta prøven om att sidan dei var så nær ved å klare eksamen. Me som ikkje har ambisjonar i så møte syns likevel at det er nyttig å delta på sånne kurs.
Takk til familien på Litlås som la alt til rette for oss sånn at me endeleg fekk halde domarkurset.
Me gratulerar dei nye lokallagsdomarane og ser frem til ein stemnerik vår!
Tove