TAKK til Tove som har sendt inn dette!
Så er årets stemne over. Vellukka, sjøl om det alltid er rom
for forbetringar. Mange påmelde var det og. Kjekt at så mange frå Jøkull kom.
Mest vellukka var det nok for Ragnhild som vart årets klubbmeister. Det som er
så kjekt med Gustur er at ALLE unte henne denne sigeren. Og det er m.a. takka
vere dei positive og oppmuntrane Gusturmedlemmane at Ragnhild vann. Ho har ridd
islandshest i 4 år og starta, med oppmuntring av klubben på ein hest som ikkje
tølta. I år vann ho tøltkonkurransen på Nott, ei hoppe på 19 år som slett ikkje
er den beste hesten i klubben. Takk og gratulere.