No er me komne heim frå Landsmot på Island, som var ei større hending enn eg trudde. Opninga var storslått med 5oo ekvipasjar, deriblant statsminister, landbruksminister, kulturminister, prost og deltakarar.

Me var 1400 tilskodarar.

Må bare syne bilete av bilen me lånte av slekta. Typisk islandsk. De skulle sett den bilparken på parkeringsplassen til Landsmot.I hovudsak

4-hjulstrekkere.

På landsmot konkurrerar dei ymse hesteforeningane i gædingakeppni. Dette bilete er frå finalen i A-flokk, som tilsvarar 5 gong.

Nok eit bilete frå finalen i A-flokk.

Det vert og kåra den beste hesteoppdrettsgarden. På førehand syner dei nokon av hestane sine.

Det var to ridebanar og eit ridehus kor det føregjekk ymse aktivitetar.

I ridehuset var det mellom anna undervisning.

I ridehuset vart og ymse kjendisar synt fram Her er Orry frå Þuvu.

Kåra hingster og hopper hadde og høve til å høyna ride-egenskapene.Bare for å sei litt om nivået var flg. kravsammenlagt for å få høve til å delta:Hingster 7 år og eldre; 8.30. Hingster 6 år; 8,25.Hingster 5 år; 8,15. Hingster 4 år; 8,00. Hopper 7 år og eldre; 8,20. Hopper 6 år 8,15. Hopper 5 år; 8,05. Hopper 4 år; 7.90.

Me var serskild interresert i korleis det gjekk med far til følet vårt frå hesten me importerte frå Island. Han heiter Hrannar og kom som nr. 3 i syninga av hingster over 7 år. Her er han heime pågarden Borg som me vitja etter landsmot.

På Borg bur Elke og Johan som synte Hrannar under visninga på landsmot.

Me vart og lysten på å ri etter eit slikt stemne og fekk anbefalt Kálfsholt som ein god stad å leige gode tølthestar. Det stemde.

Der me skulle ri stod vinnaren av B-flokk (4-gang).

Men Island er meir enn hestar. Mykje spanade natur. Dette er vulkanen Eldborg som me gjekk opp på pøsregn.

På toppen av Eldborg. Veret er svært skiftande på Island. Heldigvis hadde me fint ver på landsmot.

Med så skiftande ver er det naudsamt å leige seg hytte med eiga heittur pottur.